Sivilforsvarets oppgåver tydeleggjorde

Meir merksemd mot hendingar i fredstid, styrking av den lokale beredskapen og meir effektiv utnytting av Sivilforsvarets ressursar er hovudessensen i den nye sivilbeskyttelsesloven som nyleg blei vedteken i Stortinget.

Published 24.06.2010 - 8:38 AM Updated 24.06.2010 - 9:06 AM

Kommunal beredskapsplikt blei vedteke av Stortinget allereie i 2009 og blir vidareført i sivilbeskyttelsesloven.

– Den nye lova tydeleggjer Sivilforsvarets oppgåver i fredstid, og kommunane får plikt til å utarbeide beredskapsplanar for korleis dei skal handtere krisesituasjonar, seier seniorrådgivar Elin Olsen i DSB til direktoratets eksterne magasin Samfunnssikkerhet.

– Mens andre land, for eksempel Sverige, Danmark, Finland og Storbritannia, har tilpassa beredskapsarbeidet sitt, inkludert lovverket, i tråd med endra trusselvurderingar innanfor den sivile beredskapen, har vi i Noreg enno ikkje komme i mål med vurderinga av eit nytt vernekonsept for befolkninga. Med unntak av brannvernlovgivinga er mykje av det norske lovverket på beredskapsområdet i stor grad frå 1950-talet, seier Elin Olsen.

– Hovudgrunngivinga for å opprette Sivilforsvaret ligg i dei klare fordringane i folkeretten om at sivilbefolkninga har krav på vern i krig. Sivilforsvaret skal framleis ha eigne oppgåver knytte til ein krigssituasjon, men den nye lova tydeleggjer også Sivilforsvarets oppgåver i fredstid som forsterkingsressurs overfor nød- og beredskapsetatane, seier ho.

>> Les meir i magasinet Samfunnssikkerhet

 

Foto: Rune Drageset, Telemark Sivilforsvarsdistrikt
Den nye lova tydeleggjer Sivilforsvarets oppgåver i fredstid som forsterkingsressurs overfor nød- og beredskapsetatane, til dømes som etter Full City-ulukka utanfor Langesund. (Foto: Rune Drageset, Telemark Sivilforsvarsdistrikt).