Produksjon og distribusjon av elektrisitet

Innan området produksjon og distribusjon av elektrisitet er det i Noreg årleg bruttoinvesteringar på om lag 6 milliardar. Årleg omsetnad er på om lag 70-80 milliardar og talet på tilsette er om lag 19 000.

Published 19.06.2009 - 9:09 AM Updated 19.06.2009 - 9:14 AM

Dei samla investeringane i anlegga er på omlag 200 milliardar kroner.

Talet på alvorlege ulykker ved anlegga på everka er gradvis redusert gjennom mange år, og talet på dødsulykker har gått ned frå seks i året på 1960-talet til i gjenomsnitt ei dødsulykke fra 1990-talet.Betre anlegg og utstyr, klatrevern i høgspentmastene og isolerte innstrekk til husvegger er nokre tiltak som har vist seg å føre til færre ulykker. Ein går ut i frå at det det i størst grad er mogeleg å redusere talet på ulykker når det gjeld anleggsverksemd nær høgspentlinjer og arbeid ved lågspenningsanlegg.

Direkte kontakt med straum er eit viktig farebilete innan eltryggleik, men straumbrot kan også føre til alvorlege ulykker. Sikker straumforsyning er vitalt for at samfunnet skal fungere. Når menneska blir meir og meir avhengig av teknologi, vil påliteleg straumforsyning også vere avgjerande for tryggleiken deira i mange situasjonar, for eksempel når ein er avhengig av elektromedisinsk utstyr.

Elbransjen har i dei seinare åra blitt kraftig omstrukturert på grunn av krav til effektivisering, dvs. økonomisk innstramming og kraftig redusert bemanning. Nye organisasjonsformer og ansvarsfordelingar gir nye utfordringar.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap har som mål å:

  • redusere tap av materielle verdiar ved at eigarane styrer tryggleiksarbeidet med systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid (HMS)
  • sikre påliteleg straumforsyning ved at eigarane sørgjer for systematisk ettersyn, vedlikehald og fornying av anlegga.

For å vare på og betre eltryggleiken skal det fokuserast på:

  • organisasjons- og ansvarsforhold og arbeidsrutinar
  • at eigarane gjer godt vedlikehald og nyttar tekniske løysingar som fremjar eltryggleiken
  • tiltak som kan betre tryggleiken for utanforståande
  • systematisering og utvikling av informasjon om risikoområder.

Verktøy og hjelpemidler

Rapportering

Nyhetsbladet Elsikkerhet

DLE-portalen



For privatpersoner

Flyttbare varmeovner

Flyttbare varmeovner er i utgangspunktet beregnet for bruk uten tilsyn, men etter flere rapporter til DSB og oppslag i media om hendelser med slike produkter har DSB valgt å oppfordre til at bruk av slike produkter skjer under tilsyn slik at man kan begrense omfanget av skaden hvis uhellet skulle være ute.

[Missing text /dsb/article/seeall for en]